Fødslar, kreft og psykisk helse toppar sjukehus-tabbene

Helse Vest betalte ut totalt 161 millionar kroner i pasientskadeerstatning i 2014. Det er ein auke på 20 mill. frå 2013.

Helse Vest betalte ut totalt 161 millionar kroner i pasientskadeerstatning i 2014. Det er ein auke på 20 mill. frå 2013.

Artikkelen er over 4 år gammel

Kosta Helse Vest dyrt i fjor

DEL

Helse Vest betalte ut 161 millionar i pasientskadeerstatningar i 2014.

Sjølv om det er færre innmelde saker til Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) i 2014 enn i 2013, blei det likevel betalt ut 20 mill. meir i erstatning i fjor enn i 2013.

Kvifor det er slik, kjenner ikkje Helse Vest til, melder Bergens Tidende.

Øvst på lista over pasientskadeerstatningar, ligg fødslar, psykisk helse og kreftsjukdommar.

Det er innan desse felta NPE har bedt Helse Vest om å sette i verk førebyggande tiltak, og fleire er allereie i gang.

Det opplyser Anne Grimstvedt Kvalvik, leiar av det regionale pasienttryggleiksprogrammet i Helse Vest, til avisa. 

Artikkeltags