– La Helse- og omsorgsdepartementet overta regionføretaka sine oppgåver, foreslår sjukehusutvalet i tilrådinga si, som no skal drøftast i partiet før landsmøtet tek endeleg standpunkt.

Framlegget har allereie vekt jubel hos Høgre og Frp, som lenge har ivra for å få bort det regionale helsebyråkratiet.

Færre lokalføretak

KrF-utvalet vil plassere eigaransvaret direkte hos ministeren, og ikkje setje den bort til eit nytt direktorat.

Samstundes som utvalet er ute etter å styrke den nasjonale politiske styringa med sjukehusa, meiner det at grepet med å fjerne regionføretaka vil styrke dei lokale føretaka, som framleis skal stå ved lag.

Men for å få til ein effektiv dialog mellom departement og lokale helseføretak, bør talet på føretak reduserast til ein stad rundt 20, heiter det i framlegget.

Færre kommunar

Utvalet, der m.a. tidlegare statsråd Laila Dåvøy er medlem, ser vidare føre seg ei reform der kommunane overtek ansvaret for å bestille og dermed finansiere sjukehustenester med midlar dei skal få frå staten.

– Men det krevst kompetanse for å fylle denne krevjande bestillarrollen. Difor føreset reforma ein ny kommunestruktur og ein monaleg reduksjon av talet på kommunar, heiter det i framlegget partiet no blir invitert til å stille seg bak.

Brosvik: Interessant

KrF-fylkesleiar Trude Brosvik tykkjer framlegget om å kutte regionføretaka verkar tiltalande, etter som det ikkje handlar om å etablere eit nytt, byråkratisk og fjernare direktorat.

– Vegen frå lokalføretak og til politisk nivå kan bli rettare og raskare enn i dag. Dette vil eg sjå nærare på, seier fylkesleiaren.

Brosvik trur også det kan vere positivt, om bestillarfunksjonen kan flyttast nærare pasienten, men vil ikkje at dette skal utløyse kommunesamanslåingar.