Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde må halvere investeringane

Artikkelen er over 12 år gammel

Helseføretaket vil berre ha råd til halvparten av dei planlagde nyinvesteringane dei neste fem åra.

Dette kom fram då administrasjonen orientere om økonomisituasjonen og budsjettutsiktene under styremøtet torsdag.

Den varsla innstramminga kjem som følgje av at Helse Førde no er på veg mot ein budsjettsprekk på rundt 68 mill kroner, i det året der økonomien skulle bringast under kontroll.


Ekstra trongt

Budsjettet det no blir lagt opp til, vil ikkje gi rom for nyinvesteringar før mot slutten av 2010. Disponible midlar i 2009 og deler av 2010 vil måtte brukast til å gjere opp for investeringar som allereie er iverksette.

Slik administrasjonen ser det, vil føretaket ha 30 mill kr til nye investeringar i 2010.

Greier Helse Førde å få drifta i balanse, vil det vere rundt 90 mill kr disponibelt til investeringar frtå 2012, opplyste økonomidirektør Tom Hansen i si orientering til styret.


Vil ha bråbremsene på

Helse Vests styrerepresentant Helge Bryne karakteriserer årets budsjettsprekk som svært alvorleg, og føresette i møtet at «bråbremsene blir sett på».

Han såg likevel ikkje føre seg oppseiingar og kutt i tilbod, men at ein sparer ved å gjere ting annleis i den daglege drifta. Andre styremedlemer, som Rune Larsen, Anni Felde og Harry Mowatt, tvilar på at det let seg gjere å spare inn 70 mill kroner med å hente litt her og der, og meiner det må takast strukturelle grep.

- Handlingsrommet er avgrensa, konstaterer styreleiar Clara Øberg, og viste i møtet til klare signal frå helse- og omsorgsministeren.

- Budsjettframlegg om t.d. nedlegging av fødetilbod vil bli sett på som uspiselege tiltak, sa Øberg.