Gå til sidens hovedinnhold

– Håper de er ærlege no

Artikkelen er over 12 år gammel

Tor Bremer synest Helse Førde sine innsparingsforslag verka for udramatiske...

Måndag ettermiddag inviterte Helse Førde kommunane og politikarar til orienteringsmøte om 2009-budsjettet.

Storinvesteringar må vente

Helse Førde skal spare 68 millionar i 2009 for å komme i balanse. Dette vil seie at sluttresultatet til neste år skal bli 40 millionar i minus.

Investeringar vert skubba på grunna Helse Førde sin økonomiske situasjon. Dei vil gå med kring 120 millionar kroner i minus i 2008.

Fram mot 2013 vert investeringsplanane halverte, opplyser dei.

Utviding av psykiatrien og psykoseposten i Sunnfjord og ytre Sogn er investeringar som ikkje vert gjennomført i 2009.

– Ærlege?

Fylkespolitikar Tor Bremer (Ap) synest innsparingane Helse Førde la fram verka udramatiske. Helse Førde legg mellom anna opp til å spare på avskrivingar, gjestepasientar og kjøkkenteneste, til saman ca 68 mill.

– Håpar de er ærlege om utfordringane vi står framfor, sa han på møtet.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier at dei synest dialog og det å vere ærleg er viktig. Han legg ikkje skjul på at uventa kostnader kan dukke opp langs med, noko som kan endre den økonomiske situasjonen.

– Vi har nok eit tøft år framfor oss, seier han.