Gå til sidens hovedinnhold

Gjekk med sørgjeband på jobb

Artikkelen er over 11 år gammel

Som ein protest mot Helse Førde si omorganisering, skal sjukepleiarar ved Lærdal sjukehus ha gått med sørgjeband på jobb.

Det skriv NRK Sogn og Fjordane på nett.

Aksjonen vert stadfesta av Albert Olav Fedje, ansvarleg for medisinsk avdeling i Lærdal, men han vil overfor NRK korkje kommentere saka ytterlegare, eller namngi nokon av dei tilsette.

Klinikkdirektør Arve Varden i Helse Førde er på si side kritisk til eigne tilsette.

– Å bruke sørgjeband for å markere motstand er ikkje akseptabelt, seier han til NRK og får støtte av fylkesleiar Oddgeir Lunde i Sjukepleiarforbundet.

– I høve yrkesetiske retningsliner har sjukepleiarar eit ansvar for å opptre på ein fagleg og verdig måte. Det er klart at ein ikkje har høve til å gjere ting som kan støyte pasientar, påpeiker Lunde.

Helse Førde vil følgje opp saka internt.