Fastlege snoka i pasientjournal og sende sjikanebrev

Fylkeslege Per Stensland skildrar hendinga som uvanleg.

Fylkeslege Per Stensland skildrar hendinga som uvanleg. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HELSE: Ein lege i Sogn og Fjordane får åtvaring og bot for å ha snoka i pasientjournalen og trakassert ein person og familien til denne personen.

DEL

Fylkeslegen i Sogn og Fjordane melder at ein lege i Sogn og Fjordane har fått ein advarsel frå Helsetilsynet for å ha sendt krenkande og sjikanerande brev til ein person og familien til denne personen. Vedkommane har også snoka i pasientjournalar som legen ikkje hadde grunn til å sjå i.

– Særdeles uvanleg

– Dette er særdeles uvanleg åtferd frå ein lege, seier fylkeslege Per Steinar Stensland.

– Det hender at vi har snokesaker der helsepersonell har tileigna seg journalopplysningar som dei ikkje har behov for. Dette er i seg sjølv ulovleg, men i tillegg har det i denne saka vore trakasserande brevskriving mot personar, og dette er særdeles uvanleg og sjølvsagt uakseptabelt.

– Er det ei kopling mellom journalsnokinga og brevskrivinga?

– Det er ikkje ei direkte kopling, men det omhandlar dei same personane og er i alle tilfelle uakseptabelt. Det er ikkje gitt at innhaldet i journalen er brukt direkte i dei trakasserande meldingane, men legen har skaffa seg bakgrunnskunnskap om personar som vedkommande ikkje har hatt rett til å skaffe seg bakgrunnskunnskap om.

Får alvorleg skrape

Denne journalsnokinga, samt den sjikanerande åtferda er meld til politiet, og legen har vedteke ei bot.

I tillegg har legen fått ei åtvaring frå Helsetilsynet for brot på teieplikta, og for ei åtferd som i vesentleg grad har svekt tilliten til helsetenesta og til legen sjølv, skriv Fylkesmannen på sine nettsider.

– Dette er ei alvorleg reaksjonsform der legen har fått ei alvorleg skrape frå samfunnet. Åtvaringa er offentleg tilgjengeleg på legen sin cv og er noko som kjem til å følge vedkommande i resten av karrieren.

Artikkeltags