Gå til sidens hovedinnhold

Frp foreslår helsemilliard

Artikkelen er over 13 år gammel

– Sjukehustilboda risikerer rasering, seier stortingsrepresentant Åge Starheim (Frp).

Partiet reiser no eige framlegg i Stortinget om å styrke helseregionane med 1,5 milliardar kroner

I Frps framlegg Er Helse Vest tiltenkt 280 mill. kroner.

– Dei kutta det no er tale om, vil råke pasientane over heile landet. I Sogn og Fjordane kjem både lokalsjukehusa og Sentralsjukehuset til å bli raserte, dersom det skal kuttast 55 årsverk, slik det er tale om, seier Starheim til Firda.

– Eid og Lærdal kan bli ståande tilbake som medisinske sentra, og Førde sentralsjukehus kan bli drastisk svekt. Føretaka lyt få meir pengar, seier stortingsrepresentanten.