Gå til sidens hovedinnhold

Fortvilar over økonomikaos

Artikkelen er over 12 år gammel

Før to månader av 2009 er tilbakelagt, er det eit faktum. Driftbudsjettet til Helse Førde held ikkje.

Kor mange titals millionar driftsbudsjettet vil sprekke med, veit ingen. Investeringsbudsjettet må gjerast om og kappast ned.

Dette var dei dystre realitetane som fram under styremøtet i Helse Førde torsdag.

– Vi kan ikkje halde fram slik, klaga nærast rådlause styremedlemmer.

150 mill. i minus

I fjor enda drifta av helseføretaket med blodraude tal. Den endelege rekneskapen for 2008 er enno ikkje klar, men så langt ser Helse Førde ut til å ende med eit underskot på 150 millionar kroner.

Helseføretaket hadde opphavleg ein intensjon om å halde seg innanfor eit underskot på 40 millionar kroner, som var det regionhelseføretaket Helse Vest hadde gitt klarsignal for.

Lønnskostnader

Ei rekkje sparetiltak er sette i verk, likevel renn pengane ut.

Lønnskostnadene til helseføretaket ligg alt over budsjett, og fleire av styremedlemmene meiner dei kan sprekke med 40 millionar kroner om ikkje noko blir gjort.

– Situasjonen er veldig alvorleg. Det må ikkje pyntast på ting, og vi må ha reelle tal på bordet, sa styremedlem Jorunn Ringstad etter økonomigjennomgangen på styremøtet.