Her testar Elisabet (92) seg for å førebygge fall

MÅLER STYRKEN: Elisabet Muri tar knebøy på måleplata etter instruksjonar frå Eirik Flatjord.

MÅLER STYRKEN: Elisabet Muri tar knebøy på måleplata etter instruksjonar frå Eirik Flatjord. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Mange ville prøve toppidrettsutstyret på folkehelsedagen i Rødekorsbygget.

DEL

– Eg er veldig opptatt av helse, og har jo god helse sjølv, seier Elisabet Muri (92). Sist veke møtte ho opp på frisklivssentralen Fritt Fram sin folkehelsedag i Rødekorsbygget i Førde. Temaet for dagen var fysisk aktivitet.

Fritt Fram arbeider med førebyggande helsetiltak, og ønsker å skape oversikt og informere innbyggarane i kommunen om tilbod og kunnskap rundt livsstil og helse.

Les også: Trør til for betre folkehelse

– Det einaste som plager meg, er at eg har problem med lungene. Å vere i aktivitet har alt å seie for helsa. Å vere med på ting og treffe folk er viktig. Eg har fullt program kvar veke, seier 92-åringen.

Fallfare

Muri tek plass på ei kraftplate som måler styrke og fordeling av belastning på beina. Utstyret vert normalt brukt for å måle toppidrettsutøvarar, men kan òg avdekke forhold som hos eldre aukar risiko for fall.

Ho får beskjed om å bøye seg i knea, for så å skyve bestemt frå. Plata viser at Muri bruker 17 prosent meir kraft i høgre beinet enn i venstre.

– Mange eldre har gjerne plager i eitt av beina, og unngår å belaste det. Denne informasjonen bruker vi til å planlegge trening, og med dette utstyret kan vi kartlegge framgang. God balanse og styrke er viktig for å førebygge fall, og eg jobbar mykje med det, samt å bygge opp muskulatur som kan tole fall betre, seier Eirik Flatjord, personleg trenar og medeigar av Puls Førde.

Fallulykker

Om lag 1 av 3 menneske over 65 år har minst éin fallepisode i året. Halvparten av desse er utsette for gjentatte fall. I om lag fem prosent av tilfella endar fallet i eit brot, vanlegvis i handleddet, hofta eller ryggen.

Årsakene til fallepisodane er som oftast ein kombinasjon av årsaker hos personen, og i omgjevnadene. Nedsett mobilitet og lågt aktivitetsnivå kan vere med på å føre til fall.

I 2010 var fall den sjuande og niande vanlegaste dødsårsaka blant høvesvis kvinner og menn over 80 år.

Kjelde: Norsk Helseinformatikk/Folkehelseinstituttet

Er de her i dag for å rekruttere fleire eldre til treningssenteret?

– Vi vil informere og vise kva vi kan tilby, men ønsker ikkje å tvinge nokon. Folk skal komme av eigen fri vilje, seier Flatjord.

Låg terskel

Frisklivssentralen skal vere eit gratis lågterskeltilbod for dei som vil ha eller treng hjelp til å endre levevanar og meistre sjukdom. Dei er eit underorgan av Førde Ressurssenter, og samarbeider med både offentlege og private tilbod i kommunen, mellom anna Indre Sunnfjord Turlag og treningssenter. Målet er at ein skal vere meir fysisk aktiv i kvardagen, og få betre helse på kort og lang sikt.

Det er inga aldersgrense, og folk kan få tilvising frå NAV eller lege, eller komme på eige initiativ.

Les også: Brå slutt for Aktiv på Dagtid?

– Aktivitet er det beste førebyggande helsetiltaket som finst, i lag med eit bevisst kosthald, seier Roland Schwarz, einingsleiar i Førde Ressurssenter.

– Er det behov for dette tilbodet?

– Det at folk nyttar seg av det, viser at behovet er der. Ei livsstilsendring er veldig krevjande å gjere åleine. Med rettleiing og i grupper vert det lettare. Frå eit folkehelseperspektiv er førebyggande tiltak billegare enn behandling av sjukdom og plager. Ein går ut frå at det har ein stor effekt, sjølv om den er vanskeleg å måle, seier Schwarz.

LEIAR: Roland Schwarz i Førde Ressurssenter.

LEIAR: Roland Schwarz i Førde Ressurssenter. Foto:

Artikkeltags