Førde sentralsjukehus blir freda - men Florø ryk

Styret i Helse Førde kjem etter alt å døme til å frede alle avdelingane og pasienttilboda ved Førde sentralsjukehus.

Styret i Helse Førde kjem etter alt å døme til å frede alle avdelingane og pasienttilboda ved Førde sentralsjukehus. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Freding i Førde, og nedlegging av sengeposten i Florø. Det blir konsekvensen av vedtaket som styret i Helse Førde etter alt å døme kjem til å gjere fredag. Og denne gongen har Helse Vest sagt OK.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

På fredagens styremøte i Helse Førde HF legg styreleiar Clara Øberg fram eit trepunkts framlegg, som ho har fått eigaren Helse Vest RHF sin aksept for.

Tre avgjerande punkt
Vedtaket kjem til å innebere at alle funksjonar og tenester ved Førde sentralsjukehus blir freda, medan det vert opna for å legge ned sengeposten i Florø:

Det første punktet er at Helse Førde skal auke tempoet i omstillingane, for å betre økonomien mest mogleg på den måten. Deretter kjem punktet om at ingen funksjonar eller pasienttilbod i Førde skal fjernast.

Det tredje punktet er eit krav til administrasjonen om å førebu ei eiga sak om avvikling av sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø innan 1. januar 2008. Saka skal handsamast på det påfølgjande styremøtet i Helse Førde.

Sel bygningane i Florø
På same tid skal det leggjast opp til sal av bygningsmassen i Florø, og avklaringa av salet skal skje seinast i samband med budsjettet for 2008. Framlegget inneber at poliklinikken i Florø skal vidareførast, men i leigde lokaler.

Framfor styremøtet ser det med andre ord som som om Helse Vest godtek nedlegging av sengeposten i Florø. Men seinast for to dagar sidan sa ein litt kryptisk adm. direktør Herlof Nilssen i Helse Vest til bt.no noko som kunne tyde på det motsette: - No har det vore mange rundar om innhaldet i sjukehusa på Eid og i Lærdal. Og ved nærsjukehuset i Florø er vi i den situasjon at det blir drive i samarbeid med kommunane.

Har eigar sin aksept
Styreleiar Clara Øberg seier til firda.no at ho har drøfta framlegget med eigar, og at framlegget ikkje vert lagt fram mot Helse Vest sin vilje. Ho har også forankra framlegget hos styremedlemene, og harall grunn til å rekne med at ho får støtte for framlegget heile vegen.

- Kvifor legg de opp til desse grepa?

- Styret har no så store krav over seg at det må gjerast noko. Vi har prøvd å få til dei forventa innsparingane innanfor dei rammene vi har hatt, men det har vist seg at det går ikkje. På same tid er det no klart at sjukehuset i Førde har kapasitet til å ta over sengene frå Florø, seier Øberg.

Med dette grepet reknar legg styreleiaren opp til at føretaket vil spare 20 millionar kroner.

Tre fredingar
Om framlegget vert vedteke med Helse Vest si velsigning, betyr det at sentralsjukshustenestene er freda. Denne gongen er det dermed ei freding som Helse Førde-styret sjølv set i verk, og som ikkje er tredd ned over dei frå Helse Vest.

Dermed er det tre fredingar i helseføretaket: Den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus, fødeavdelinga ved Nordjord sjukehus er freda tidlegare, og innan helga er altså truleg også heile sjukehuset i Førde freda.

- Ikkje i mål
Styreleiaren er heilt klar på at dei ikkje i mål med dette. Til det er dei økonomiske utfordringane alt for store. Ho seier at desse grepa kan lette det økonomiske trykket ein del, men understrekar at det første punktet om å setje fart på omstillingstiltaka er avgjerande. Dette understreka også eigar Helse Vest sin styrepresentant på førre møte.


Firda følgjer styremøtet i dag. Vedtaka, konsekvensane og kommentarane vert å lese her på firda.no og i avisa Firda.

Du kan skrive DI meining i Origo/Fjordaglimt.no i ruta nedanfor:

Artikkeltags