Gå til sidens hovedinnhold

Førde-politikar vil bli kvitt FSS-forkjempar

Artikkelen er over 12 år gammel

– Desse Ap-pampane har ein veremåte som eg vil ta avstand frå, seier Eva Marie Halvorsen (H).

Eva Marie Halvorsen (H) støttar fylkesleiar Bjørn Lødemel sitt krav om at Harry Mowatt må trekkje seg frå styret i Helse Førde. Begge meiner at Mowatt har gått over streken.

– Når Mowatt går til åtak på ein tredel av folket i fylket på denne måten, så skaper det sterke motsetnader, lite tillit og dårleg klima. Nordfjordingane stiller spørsmål ved rolla hans og ved integriteten han har i styret for Helse Førde, seier nordfjordingen Bjørn Lødemel.

Han er fylkesleiar i Høgre og kandidat til stortingsvalet. Lødemel krev at fylkespolitikar for Arbeidarpartiet, Harry Mowatt, trekkjer seg som styremedlem i Helse Førde, etter å ha sagt at nordfjordingane jobbar medvite med usaklege verkemiddel, mytedanningar og feilaktig informasjon for å så mistillit til sentralsjukehuset i Førde (FSS). Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V) har tidlegare kravd det same.


Støtta av Førdepolitikar

Kravet om at Mowatt må gå får støtte hos Førde-politikar Eva Marie Halvorsen (H), som har markert seg som ein sterk forkjempar for sentralsjukehuset:

– Eg støttar det fordi vi har sett også tidlegare, til dømes med Opseth, at desse Ap-pampane har ein veremåte som eg vil ta avstand frå. Skal ein finne gode løysingar er tillit bod nummer ein, seier Halvorsen. Kjell Opseth, tidlegare statsråd og stortingsrepresentant for Ap, var ein markant styremedlem i Helse Førde.

Halvorsen er tilliks med Mowatt interessert i å ha ei sterkt sentralsjukehus.

– Vi støtta Mowatt sitt kandidatur til styrevervet i Helse Førde, men det er uttrykksmåten hans vi reagerer på. Han må bruke andre våpen enn aksjonistane. Når han karakteriserer dei på denne måten så er det ikkje bra. Det påligg dei som har eit så viktig verv, som styrevervet i Helse Førde er, å ikkje falle ned på dei som uttrykksmåtane som aksjonistane brukar.


– Øydelegg debatten

Det er uttryksmåten til Mowatt som også er Lødemel sitt ankepunkt:

– Mowatt snakkar om nordfjordingane generelt og ikkje aksjonskomiteen spesielt. Utspelet til Svein Hansen om å boikotte Førde sentralsjukehus var heilt bak mål. Dette utspelet representerer ein type ytterpunkt vi ikkje har bruk for. Men det er desse ytterpunkta som er med og øydelegg for ei konstruktiv debatt.

– Er ikkje kravet om Mowatt sin avgang eit utspel for å sikre deg røystene til nordfjordingane i valkampen?

– Nei, denne saka er alt for alvorleg til at vi kan dra det inn som ein del av ein valkamp.


– Uaktuelt å trekkje meg

– Eg har aldri snakka om 30.000 nordfjordingar. Dei som no kritiserer meg har hengt seg opp i nyansar, seier Harry Mowatt til kritikken frå Sogn og Fjordane Høgre.

– Det er heilt tydeleg at det pågår ein kampanje for å få meg ut av Helse Førde, og NRK Sogn og Fjordane er hovedtalerøyr for dette. Ved å stadig leite etter kritikarar, så kan dei halde det gåande til jul.

Mowatt seier han for lengst har presisert at han uttalte seg om dei sterke kreftene i Nordfjord som motarbeider sentralsjukehuset, til dømes Vågsøy-ordføraren som for ei tid tilbake vart sitert i Firda på at vi ikkje har bruk for sentralsjukehus men berre lokalsjukehus, og kommunelegar i Eid og i Vågsøy som offentleg har vedgått at dei har sendt pasientar ut av fylket, og som har hevda at ortopedivedtaket vil medføre fleire slike tilfelle.

– Vidare har leiaren for aksjonskomitéen, Svein Hansen, offentleg gått inn for å legge ned Helse Førde, og dermed fjerne sentralsjukehuset. Det må vere heilt legitimt å rette søkelyset mot slike haldningar, som heilt openberrt vil undergrave spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane, til stor skade for pasientane i heile fylket. Det er dette eg har hevda, og ingen har dementert det, seier Mowatt, og legg til at det er heilt uaktuelt for han å trekkje seg frå styret i Helse Førde.


– Må kjempe aleine

– Kampen for å berge sentralsjukehuset er ein kamp styret i Helse Førde må kjempe aleine, under ein vedvarande kakofoni av kritikk frå aksjonsgrupper her og der, som regel støtta av lokale fagfolk og politikarar. Styret har ikkje aktiv støtte nokon stad på dette. Eg hadde i det minste forventa støtte frå sentrale politikarar i sentralsjukehuset sin vertskommune, men det er tydelegvis alt for mykje å vente, seier Mowatt med adresse til Halvorsen.