Lege åtvarar: – Éin av dei tinga som mange trur førebygger influensa, har faktisk motsett effekt

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Folkehelseinstituttet (FHI) forventar ei auke i influensasmitte framover. Her får du legane sine beste råd om smitte og førebygging.

DEL

(Nettavisen) Influensa-sesongen er i gong, og i den første veka i 2019 har laboratorium-tester vist 597 tilfelle av viruset. Av dei er 590 av typen A og sju av typen B (sjå faktaboks lenger ned i artikkelen).

– Vi forventar at fleire blir sjuke i vekene som kjem. Likevel håper vi at sesongens utbrot blir mildare enn utbrota dei to førre sesongane, som begge var omfattande, seier lege Trine Hessevik Paulsen i FHI.

Den første veka i januar låg éin med type B og 128 personar med type A innlagt på sjukehuset med influensa. Regner vi frå veke 40 er talet totalt 388, ifølge ein ny rapport frå FHI.

FAKTA: FORSKJELL PÅ TYPE A OG TYPE B

  • Sesonginfluensavirusene kan deles inn i type A og B avhengig av hvilke komponenter som finnes i virusene.
  • Begge typene kan inndeles i undergrupper.
  • Det har sirkulert forskjellige influensa A- og influensa B-virus de senere årene, og ofte sirkulerer forskjellige virus på samme tid. For å ta høyde for dette, inneholder vaksinen mot sesonginfluensa forskjellige virusstammer.
  • Å ha vært smittet med ett virus vil ikke alltid gi beskyttelse mot et annet virus, og det er også ulik effekt av vaksinen mot de ulike influensavirusene.

Kilde: Trine Hessevik Paulsen i FHI 

Smitte og symptom på influensa

Det er fleire måtar å førebyggje influensa på. Lege i Forsvaret, Kjetil Høye, råder alle til å vere nøye med å vaske hendene grundig og unngå nærkontakt med sjuke personar.

Men éin av de tinga mange trur er førebyggjande, har faktisk motsett effekt, opplyser Høye.

– Nokon tenker kanskje at bruk av munnbind kan forhindre smitte, men vi ser faktisk at det kan forverre risikoen for å få sjukdommen, seier han.

Han forklarar at dette som regel skuldast at du tar deg oftare til ansiktet når du bruker munnbind.

Mange trur dei har influensa sjølv om det berre er ei forkjøling, ifølge legen. Men har du influensa vil du bli mykje dårlegare.

– Du får ofte ein brå start, med høg feber, muskelsmerter, hovudverk og slappheit. Du vil også få luftvegssymptom med sår hals og tørrhoste, i tillegg til rennande nase. Nokon får også mageplager, seier Høye.

Varigheit på sjukdommen

Men fordi influensaviruset er veldig smittsamt, er det ikkje alltid like lett å unngå – sjølv så nøye du er med hygiene. Influensaen kjem som ein epidemi og ofte på vinterhalvåret.

– Været spelar ein rolle, fordi vi går inn og ut av kulde og varme. Samtidig smittar det ved både drope-, luft- og kontaktsmitte, forklarer Høye.

Inkubasjonstida, altså tida det tar frå du blir smitta til du merker sjukdommen gjer utslag i kroppen din, tek vanlegvis to dagar.

Risikoen for å få influensa ligg på rundt ti prosent, ifølge legen.

– Tilstanden varer som regel i sju til ti dagar når du først er blitt sjuk, seier han.

Slik behandlast influensa

I utgangspunktet treng du ikkje å gå til legen om du blir sjuk. Nettopp difor har ikkje FHI oversikt over akkurat kor mange som er smitta.

– Du treng i utgangspunktet ikkje gå til legen med mindre du er i risikogruppa, seier Høye.

For vanleg friske går det som regel over av seg sjølv, ved at du drikk rikeleg med vatn og stressar ned. Du kan også bruke febernedsettande medisinar som for eksempel paracetamol for å redusere symptoma.

– Personar som har stor risiko for å få følger av influensa, og dei med dårleg immunforsvar, kan få ein antiviral behandling som dempar utviklinga, forklarer han.

Denne behandlinga må setjast i gang innan 48 timar.

Vaksine førebygger dødsfall

Om influensavaksinen er nødvendig å ta eller ikkje, er ganske omdiskutert. Høye meiner det er for få nordmenn som tar den.

Etter du har hatt influensa, kan du få pusteproblem og infeksjonar. Eldre menneske kan i verste fall døy av dette.

– Hadde heile befolkninga vaksinert seg, kunne vi unngått dette i større grad, seier han.

Lege Trine Hessevik Paulsen i FHI meiner vaksinasjon er det beste tiltaket som finst for å unngå å bli sjuk.

– Vaksinen inneheld beskyttelse mot fleire ulike influensavirus. Effekten av vaksinen ligg i gjennomsnitt på 60 prosent, fortel ho.

I år trur derimot FHI at vaksinen treff godt. Den ser nemleg ut til å stemme godt med det A-viruset som det er mest av nå.

– Det er enno ikkje for seint å ta vaksine. Har du ikkje tatt den, er det lurt å gjere det så raskt som mogleg, sidan det kan ta 14 dagar før vaksinen gjer beskyttelse, seier Hessevik Paulsen.

Artikkeltags