Lege åtvarar foreldre: Éin tablett frå denne pakken kan vere dødeleg

FARLEG: Éin tablett med 500 mg paracetamol, kan vere dødeleg for spedbarn.

FARLEG: Éin tablett med 500 mg paracetamol, kan vere dødeleg for spedbarn. Foto:

– Det er svært viktig at born ikkje kan få tak i mikstur eller tablettar med paracetamol, seier Steinar Madsen i Legemiddelverket.

DEL

Landet rundt(Nettavisen): Når veldig små babyar blir sjuke, er det ubehageleg å vere mamma eller pappa. Dei små kroppane ser ikkje ut til å tole så mykje, og når babyen i tillegg ikkje kan kommunisere med ord, er det lett å bli redd og bekymra.

Men dersom babyen din har feber og smerter, skal du ikkje vere redd for å gi babyen paracetamol – så lenge du held deg til anbefalt døgndose, seier lege Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket.

– Før var ein i Norge forsiktige med å gi spedbarn smertestillande og febernedsettande, men det har heldigvis endra seg. Små born og babyar skal ikkje ha unødvendige smerter, dei bør få smertelindrande behandling, slår Madsen fast.

Mange ringer legevakta om vepsestikk: – Dette må du ikkje gjere, åtvarar Kine

Anbefalt dosering

Ved mild til moderat smerte og feber hos barn, er paracetamol anbefalt førsteval.

Til born rår legane ein enkeltdose på ca. 15 mg/kg.

– Vanleg anbefalt døgndose er 45 mg/kg, ved behov kan dosen aukast til maksimalt 60–75 mg/kg. Det bør gå minst fire timar mellom kvar dose, seier Madsen.

Den anbefalte doseringen for babyar, i samsvar med Felleskatalogen, er følgande:

  • For babyar på 0–4 månader (3-6 kilo): Éi stikkpille à 60 mg paracetamol tre gonger i døgnet. Eventuelt mikstur på 2,5 ml tre gonger i døgnet.
  • For babyar på fire månader til eitt år (6-10 kilo): Éi stikkpille à 125 mg paracetamol tre gonger i døgnet. Eventuelt mikstur på 5 ml tre gonger i døgnet.

– Held ein seg innanfor den anbefalte døgndoseringa, er det heilt trygt å gi babyen Paracet ved lett sjukdom, seier Madsen.

Livsfarleg dose for spedbarn

Går du over anbefalt døgndose, kan paracetamol vere livsfarleg. Dette gjeld ikkje berre for babyar, men alle aldersgrupper.

Men spedbarn på inntil tre månader, spesielt premature, er ein i ei risikogruppe og ved mistanke om paracetamol-forgifting bør ein alltid ta kontakt med Giftinformasjonen.

Fordi det informerast godt om anbefalt dosering – både av helsepersonell og i pakningsvedlegget – er det sjeldan at foreldre gir borna sine for mykje paracetamol.

Studie: Paracet kan ha ein verkeleg kjip bieffekt

Faren ligg heller i at små born kan få tak i piller eller mikstur utan at foreldra får det med seg. Og her er det ikkje nødvendigvis snakk om så store mengder før det begynner å bli farleg for ein liten kropp.

Éin «voksentablett» med paracetamol på 500 mg, kan vere dødeleg for ein liten baby.

– Det har vore nokon forgiftingar av små barn som har fått tak i flasker med paracetamol mikstur. Miksturen smakar såpass godt at barna kan få lyst på meir. Det er derfor svært viktig at born ikkje kan få tak i mikstur eller tablettar. Alle som har fått i seg dosar som kan vere farlege skal til sjukehus. Behandlingsgrensene er sett med god sikkerheitsmargin, og dei fleste vil ikkje få leverskadar ved disse grenseverdiane, seier Madsen.

Symptom på forgifting

Det som skjer når ein får i seg for mykje paracetamol, er at det blir danna meir av den giftige metabolitten, NAPQI.

Det kan i verste fall føre til at ein utviklar leverskade – og eventuelt leversvikt.

Ved mistanke om paracetamol-forgifting, må du kontakte lege for å få rask behandling. Får du behandling innan åtte timar, er ein så godt som fullstendig beskytta mot leverskaden.

Minst biverknader

Madsen sitt inntrykk er derimot at norske foreldre er godt informert om anbefalt dosering, og at dei ikkje gir unødvendige mengder smerte-lindrande behandling til borna sine.

Madsen er heller ikkje bekymra for at nordmenn sitt forbruk av paracetamol aukar, trass i avisoverskrifter som problematiserer auken.

– Dette er ei ønskt utvikling. Vi har lenge forsøkt å dreie bruken av febernedsettande og smertestillande medikament over frå NSAIDs og opioider til paracetamol. Dette fordi paracetamol har minst biverknader, samtidig som det kan brukast av folk i alle aldrar, samt gravide, seier Madsen.

Legen understrekar også at det først og fremst er bruken av reseptbelagt paracetamol som har gått opp, mens den reseptfrie bruken av paracetamol har gått litt ned.

Avlivar paracet-myte

Nesten 1,3 millionar nordmenn fekk minst eitt smertestillande legemiddel på resept i 2018 – ein auke på over 154.000 på ti år, skriv Folkehelseinstituttet.

– Dette viser at norske legar har tatt poenget og fått pasientar som har behov for smertelindrande behandling, over på paracetamol. Det er positivt, seier Madsen.

– Stemmer det at paracetamol kan miste effekten dersom ein bruker det for mykje?

– Nei, det stemmer ikkje. Men alt overforbruk av smertestillande kan føre til ein tilstand som vi kallar medikament-forbrukshovudpine, der ein ender opp med å hovudverk av smertestillande tablettar, altså motsett effekt, seier Madsen.

Åtvarar mot denne typen smertestillande


Artikkeltags