Gå til sidens hovedinnhold

Bolstad fryktar ikkje for jobben

Artikkelen er over 11 år gammel

Trass avtroppande styremedlem Harry Mowatts dystre spådommar, administrerande direktør Jon Bolstad kjenner seg trygg i Helse Førde.

Bolstad er klar i talen på at han ikkje fryktar for jobben sin i helseføretaket.

– Eg har ikkje fått noko indikasjonar på at eg blir sagt opp. Det er det lokale styret som tilset, og då er det Clara Øberg som må svare på det spørsmålet.

Fredag valde styremedlem Harry Mowatt å trekkje seg frå sitt verv helseføretaket fordi han meiner Helse Vest motarbeider dei og manglar respekt for HF-styret. Han fryktar at styret og direktør Bolstad lever på nåde fram til sommaren, for så å bli kasta.

– Om det blir slik Mowatt fryktar, og styret blir kasta, fryktar du då for jobben din?

– Dette er berre spekulasjonar, og det vil eg ikkje kommentere, svarar han.

Han er samstundes klar på at om han var misnøgd med Helse Vest, ville han gått direkte til dei.

– Hadde eg hatt noko å utsette på Helse Vest, så hadde eg tatt det med Helse Vest, og ikkje med Firda.

– Har du vurdert å slutte?

– Nei det har eg ikkje, seier direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.