- Ap under kraftig press

Demonstrasjonen mot nedlegging av lokalsjukehus samla folk frå fleire deler av landet utanfor Stortinget.

Demonstrasjonen mot nedlegging av lokalsjukehus samla folk frå fleire deler av landet utanfor Stortinget. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Lokalsjukehus og kraftmaster set Arbeidarpartiet under voldsomt press på Vestlandet, seier valforskar.

DEL

Striden om lokalsjukehus og kraftmaster har sett Arbeidarpartiet under eit voldsomt press på Vestlandet, meiner valforskar Bernt Aardal.

- Ap og dei to andre regjeringspartia ligg generelt dårleg an føre lokalvalet til neste år. Hardanger-saka og striden om lokalsjukehusa hjelper ikkje på situasjonen - for å seie det forsiktig, seier Aardal til NTB.

Han understrekar at det er vanskeleg å seie korleis dei umiddelbare reaksjonane frå veljarane vil slå ut ved valet neste haust.

- Om misnøyen med helseministeren no er stor i Molde, gjekk det begeistringstog i Kristiansund i helga. Men at Arbeidarpartiet og resten av regjeringa no føler presset, er openbert, seier valforskaren.

Aardal meiner veljarane på Vestlandet har innsett at regjeringa sitt løfte om å bevare lokalsjukehusa, ikkje er til hinder for at viktige funksjonar som føde- og akuttilbod kan bli fjerna enkelte stader.

- Her står regjeringa føre eit enormt pedagogisk problem. Å tappe eit sjukehus for funksjonar er i mange sine auge det same som nedlegging og dermed også løftebrot, seier Aardal. (ANB-NTB)

Artikkeltags