Alle ortopediske operasjonar til Førde

Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg i Helse Førde. Foto:

Artikkelen er over 12 år gammel

Styret i Helse Førde har med sju mot to røyster vedteke at pasientar med ortopediske skadar som krev operasjon og narkose skal til Førde sentralsjukehus.

DEL

Tilsetterepresentantane Randi E. Fagereng og Kjell Nygård røysta imot framlegget.

Poenget med å samle alle ortopediske operasjonar til Førde er å sikre utdanninga av ortopedar i fylket.

Ved større skadar skal einskilde pasientar sendast til Haukeland universitetssykehus.

Elles vert arbeidsfordelinga innan ortopedi i fylket slik:

Lærdal sjukehus skal utvikle seg vidare innan diagnostikk og behandling knytt til sjukdommar og skadar i kneledd.

Nordfjord sjukehus skal utvikle seg innan scoptisk kirurgi (kikholskirurgi) og Førde sentralsjukehus skal ha akuttfunksjon og andre fagområde som ikkje er lagt til Nordfjord eller Lærdal.

Artikkeltags