Det er med undring ein kan lese at Sunnfjord Kommune skal ha størst kutt innan helse- og omsorg.

Kva og korleis dette skal gjennomførast, står att å sjå. Men dersom dei som treng helse- eller eldreomsorg, får innskrenka og dårlegare tilbod og mindre omsorg, vil dette stride mot gjeldande Forskrift om Helse- og omsorg.

Målet med forskrifta § 1 Er å sikre at eldreomsorga vert tilrettelagt på ein slik måte at dette bidrar til ein verdig, trygg og meiningsfull alderdom. § 2 omhandlar Tenesta sitt verdigrunnlag og § 3 Tenesta sitt innhald.

Stikkord her: Trygg og meiningsfull alderdom. Sikre den enkelte mottakar eit verdig og så langt som mogleg meiningsfylt liv …, Og ikkje minst: Innrettast i respekt for den enkeltes sjølbestemmelsesrett, eigenverd, livsførsel og sikre deira medisinske behov.

Som støtte og medhjelpar for personar som er avhengig av tilrettelagt og god omsorg, ser eg med uro på kva dette vil kunne medføre for mange. Særleg, dei som ikkje har nær familie er pårørande.

I dag opplever mange at mykje er bra og godt tilrettelagt, men dei tilsette i helse og omsorgstenesta, har mange og tidkrevjande oppgåver, som påverkar deira arbeid. Og dei har ofte ei kjensle av å ikkje «strekke til».

Det at er mange dyktige tilsette, samvitsfulle «medmenneskjer som «står på» og gjer ein framifrå jobb, kvar dag.

Det er viktig å ta vare på desse. Dei fleste av oss som er «pårørande» eller medhjelparar, prøver å vise dette; med positive innspel og takk. Og det er sjølvsagt ei lita hjelp. MEN utfordringane for Sunnfjord kommune, må vere å vareta alle tilsette. Og dessutan sørge for at det er gode nok lokalitetar og tilstrekkeleg positive og motiverte tilsette.

Dersom innsparingar fører til færre og dårleg motiverte tilsette. Og «meir automatikk» i arbeidsrutinane, fryktar eg det lett vil føre til ei kjensle av at tenestemottakarane. Ikkje føler seg trygge.

Sunnfjord kommune har ei plikt i samband med budsjettetarbeidet for helse og omsorg, å stille spørsmål om dei oppfyller gjeldande helse og omsorgsforskrift?

Vert resultatet eit dårlegare tilbod for helse og omsorg, må det og vere på sin plass å stille spørsmål om den målgruppa dette gjeld, fortener å bli handsama i strid med gjeldande forskrift.

Det er trass alt denne målgruppa som har medverka til at vårt samfunn totalt sett, i dag, er opp mot den beste å leve i.

Les også

«Kva samfunn får vi dersom også det mellommenneskelege, som omsorg, blir teknifisert?»