Helse Førde følgde ikkje rutinane då pasient vart kritisk sjuk

ILLUSTRASJONSFOTO:

ILLUSTRASJONSFOTO: Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Då ein pasient i Helse Førde vart akutt kritisk sjuk, kalla ikkje dei tilsette ut sjukehusets MAT-team (Medisinsk akutteam). Det melder Helse Førde.

MAT-team er oppretta ved alle  sjukehusa i Helse Førde for å gje meir effektiv akuttbehandling, hindre komplikasjonar og betre stoda for pasientane.

Skal hindre pustestans og hjartestans

Målet er å sikre snøgg og maksimal hjelp ved akutte, alvorlege situasjonar. Det vil seie å få maksimalt kompetent personale på plass før situasjonen vert så alvorleg at pustestans eller hjartestans inntreff.

Ifølgje Helse Førde kvalifiserte den aktuelle pasienten for utkalling av teamet på fleire område, men likevel vart ikkje rutinane følgde.

Har skjedd fleire gonger

Helse Førde har dei siste åra hatt fleire akutte situasjonar der teamet ikkje har vore kalla ut.

Dette har ført til at pasientar ikkje har fått god nok handsaming, noko Helsetilsynet har gitt helseføretaket kritikk for.

Det er difor heilt turvande med ytterlegare informasjon til dei tilsette, slik at alle tenkjer på å kalle ut MAT-teamet når dei står overfor ein akutt dårleg pasient, melder Helse Førde.

Artikkeltags