Ambulansebåten blir lagt ned

Klinikksjef i Helse Førde, Helge Robert Midtbø orienterer under møtet, der det vart klart at Askvoll no misser både bil- og båtambulansen.

Klinikksjef i Helse Førde, Helge Robert Midtbø orienterer under møtet, der det vart klart at Askvoll no misser både bil- og båtambulansen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

ASKVOLL: Samrøystes vedtak i styret for Helse Førde.

DEL

Styret i Helse Førde vedtok fredag føremiddag å legge ned ambulansebåten i Askvoll og satse på eit tilbod med meir moderne ambulansebåt stasjonert i Solund, kombinert med ein taxibåt eller anna transportalternativ for folk på Atløy.

Bak lukka dører

Vedtaket vart gjort samrøystes etter eit ordskifte bak lukka dører. Lukkinga av debatten om båtambulansen vart grunngjeve med forretningsmessige omsyn.

Samstundes vart det vedteke at bilambulansen i området skal lokaliserast ved ein ambulansestasjon i Dale. Det betyr at Askvoll mister også bilambulansestasjonen.

Varslar gjennomgang av ambulansetilbodet

Styret legg samstundes opp til at det seinare skal skje ein gjennomgang av heile ambulansetilbodet i Helse Førde der målsettinga skal vere å tilpasse dette til den økonomisk ramma.

Askvoll-ordførar Frida Melvær, som var til stades på møtet, fekk dermed den avgjerda ho mest av alt har frykta. Melvær sa før møtet til Firda at ei løysing med ein samfunnsbåt, i Askvoll ville vere om lag tilsvarande med det opplegget ein har i dag, ville vere til å leve med. Den vart føreslegen som ei b-løysing av direktøren i Helse Førde.

– Katastrofe for Askvoll

– Nedlegging av ambulansebåten vil derimot vere ei katastrofe, sa Melvær til Firda medan styret sat bak lukka dører.

Helse Førde forsvarar omlegginga med at ein no får ein meir hurtiggåande båt og går bort frå ordninga med heimevakt. Fartøytøyet ein ein siktar seg inn på skal gå i 35 knop og vil ifølge Helse Førde kunne rekk Værlandet og Bulandet med 25 til 30 minutts gangtid frå Solund.

Leiinga i Helse Førde ser at Atløy vil kunne komme dårlegare ut med den nye ordninga difor blir det lagt opp til å kjøpe båtteneste i Askvoll for at lege eller anna helsepersonell skal kunne komme seg raskare dit når det hastar.

– Handlar det om hasteoppdrag vil det vere mogleg å sende kommunelege og helsearbeidar til Atløy på denne måten, samstundes som ambulansebåten går frå Solund. Då vil ambulansebåten vere kommen til kaia når pasienten er klar til å bli transportert, sa klinikkdirektør Helge Robert Midtbø i si orientering.

– Styret får berre deler av bildet

Askvoll-ordførar Frida Melvær meiner Helse Førde leiinga berre gav styret deler av bildet:

– til dømes vil det ikkje vere mogleg for ambulansebåten å gå i 35 knop i all slags ver, seier Melvær til Firda.

Materialet Helse Førde la fram viser at ambulansebåten i Askvoll i dag blir veldig lite brukt.

Melvær kommenterer dette slik:

– Dette er ei sak for seg. Er folk i Askvoll så mykje friskar enn i Solund? Folk eg snakkar med seier dei opplever at dei nærmast må trygle Helse Førde om å få bruke ambulansebåten når dei treng ambulansetenest, seier Melvær.

Artikkeltags