– Overgrepsmottaket berga ut 2016

Katja Ann Nielsen og dei andre tilsette ved overgrepsmottaket får halde fram etter 1. april. FOTO: Marie Havne

Katja Ann Nielsen og dei andre tilsette ved overgrepsmottaket får halde fram etter 1. april. FOTO: Marie Havne

Artikkelen er over 3 år gammel

Helse Førde og kommunane i fylket skal samarbeide om vidare drift.

DEL

Det kom fram under styremøtet til Helse Førde på Tronvik i dag, melder NRK Sogn og Fjordane.

– Det ser ut til at det blir ein realitet med eit felles overgrepsmottak. Helse Førde og kommunane i fylket samarbeider om å løyse tenestene. Det som gjeld seksuelle overgrep kunne spesialisthelsetenesta ha teke seg av sjølv, men vi ser at det er visse fordelar at tenesta blir samla ein stad, seier samhandlingssjef Vidar Roset i helse Førde til NRK.

Dermed ser det ut til at overgrepsmottaket og tilbodet ved vald i nære relasjonar ved sentralsjukehuset berga.

Betre teneste

Nye retningsliner for ansvarsfordelinga førte til usemje mellom kommunane når det galdt å få på plass ein ny driftsavtale.

Dette førte til at dei tilsette ved overgrepsmottaket stod i fare for å misse jobben frå 1. april, og at dei som var utsette for vald i nære relasjonar ville i staden ha måtta nytta fastlege og legevakter i kommunen der dei bur.

– Det blir ei kvalietsmessig betre teneste for dei som er offer for overgrep og vald. Det er såpass få tilfelle i løpet av eit år at det er ein fordel å få ei viss trening og dermed meir kompetanse når ein samlar dette tilbodet, seier Roset til NRK.

Ifølgje Roset spelte også sjansane for å få nokre av tenestene som Statens barnehus i Bergen har lagde til overgrepsmottaket i Førde viktig for avgjerda. Dette betyr at born og pårørande kan reise til Førde for avhøyr i staden for å reise til Bergen.

Les også: Vil bla opp for overgrepsmottak

Kan dei bli redda?

Nordfjord vil handtere valdsoffer sjølv

Eid vil betale for overgrepsmottak

Artikkeltags