Behovet for innsparingar vart klart tidlegare i år, og Helse Førde starta raskt med å finne og setje i gang innsparingstiltak.
I ei pressemelding sendt ut tysdag ettermiddag, seier Arve Varden, direktør i Helse Førde, at tiltaka har vist gode resultat.
– Blant anna ser vi at overtidsbruken i år er redusert med 17.000 timar, og vi har avvikla sommarferieperioden med 9300 færre timar enn i fjor, seier han.
Resultatkravet deira er på 20 millionar i 2023, og det kan Varden allereie no slå fast at dei ikkje vil klare. Med dette utgangspunktet vil innsparingskravet i 2024 totalt bli på omkring 100 millionar kroner.
Det er ikkje signalisert frå Helse Vest at rammene til dei ulike føretaka vil bli auka.
– Vi må no vurdere yttelegare tiltak. Det betyr at vi må sjå på bemanning, planlagte investeringar og organiseringa vår. Dette kan omfatte tiltak som vil vere meir inngripande enn kva vi har sett så langt, seier Varden.
Neste år tek Helse Førde i bruk det nye Livabygget. Her får dei 13.000 kvadratmeter å drifte, med dei kostnadane det fører med seg.
– Dersom vi ikkje greier å tilpasse kostnadene til dei økonomiske rammene vi har, kan framtidige investeringar måtte utsetjast. Situasjonen er alvorleg, og neste års budsjett vil bli svært stramt, seier Varden.
Helse Førde ligg an til budsjettsmell på 50 millionar: – Ein alvorleg situasjon

Fekk inn to hovudønske for det nye sjukehuset. Ho kan innfri begge
