Helse Førde sjekka 30 for korona i helga

Av

Ingen nye testa positivt for covid-19.

DEL

Fredag blei det kjent at ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus hadde fått påvist koronasmitte.

I helga analyserte Helse Førde 27 nye prøver laurdag og tre søndag. Ingen av desse fekk påvist smitte.

No er åtte av om lag 3000 tilsette i helseføretaket heimeverande eller sjukmelde på grunn av korona.

Totalt har 51 i området til Helse Førde hatt påvist koronasmitte, der to av desse er tilsette.

Opp ni i Norge

Det var ved midnatt registrert 8.855 tilfelle av koronasmitte i Noreg, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på ni tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 23 tilfelle.

Tala er henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) og viser ei førebels oversikt.

I alt 20 personar får behandling på sjukehus for covid-19-sjukdom. Det var fredag registrert 249 døde som følgje av sjukdommen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken