Folkehelseinstituttet (FHI) meldte nyleg at ei ny koronabølge er starta. Det er også fleire tilfelle av RS-virus, og det er sannsynleg at også desse virusa vil gi utbrot i vinter, meiner FHI.

I Sunnfjord er det førebels ikkje meldt om ekstra belastning på helsesektoren.

– Ventar sjukdomsbølge

Fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug, fortel at førebels er alt som normalt ved akuttavdelinga på sjukehuset i Førde. Det er ikkje fleire innleggingar enn det brukar å vere.

– Vi veit at koronabølga er starta i Bergen og på Austlandet. Her i Førde har vi ordinær drift, men vi trur bølga kjem hit også. Det er heller ikkje meldt om influensasmitte eller RS-virus, og sjukdomstrykket blir greitt teke hand om av den bemanninga vi har, seier Kjørlaug.

Ved den førre koronabølga i Sunnfjord var det først og fremst sjukefråveret blant dei tilsette som var eit problem, ikkje sprengt kapasitet på sjukehuset.

Fredag 18. november opplyser helsemyndigheitene at alle vaksne får tilbod om ei oppfriskingsdose med koronavaksine.

Omikron endra retninga

Då omikronmutasjonen kom på nyåret var fleire smitta, men med mildare symptom. Sjukefråveret var høgt på mange arbeidsplassar, ikkje minst i helsevesenet.

No er ein ny omikronvariant på frammarsj i Europa, og den har også kome til Norge. Vaksine kan vere mindre effektiv mot denne enn tidlegare variantar, men det er førebels ikkje så mykje kunnskap om dette.

– Omikron gjorde at sjukefråveret var stort då den førre smittebølga herja. Det er truleg først og fremst det at mange tilsette på sjukehuset og i helsevesenet kan bli sjuke og må vere heime som kan bli eit problem, ikkje det at talet på innleggingar blir så høgt at kapasiteten blir sprengt, trur fagdirektøren.

Eventuelle influensa- og RS-infeksjonar som rammar eldre og barn vil ikkje belaste akuttavdelinga på sjukehuset, men medisinsk avdeling og barneavdelinga.