Helse Førde har analysert 85 nye prøvar

DEL

Det siste døgnet har Helse Førde hatt 85 prøvar til testing for COVID-19. Alle desse var negative.

Det betyr at det framleis er 50 registrerte tilfelle av COVID-19 i Helse Førde sitt område. Dette talet har ikkje auka dei siste vekene, og det betyr at det ikkje har vore registeret smitte i den perioden, og at dei som var smitta no er friskmelde.

Det er framleis ein innlagd pasient på sjukehus med COVID-19.

Til saman har 8 personar vore innlagde, 7 av desse er utskrivne.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken