Gå til sidens hovedinnhold

Helse Førde: Fire i isolasjon – 56 i karantene

Helse Førde har ein nesten uendra smitte- og karantenesituasjon sidan torsdag.

Dei har ein tilsett og tre praksisstudentar med påvist smitte, alle fire er isolerte.

Fredag melder også helseføretaket at det er ein innlagd pasient med stadfesta covid-19. Det er elles tre innlagde pasientar i karantene utan påvist koronasmitte, som følgje av smitteutbrotet i Sunnfjord kommune.

Fredag er det 56 Helse Førde-tilsette i karantene utan påvist smitte. Det er to meir enn torsdag.

Det er totalt sju tilsette som har hatt stadfesta smitte sidan mars.

Les også

Fire nye positive prøvar i Sunnfjord kommune – ein pasient innlagt

Les også

Klatrehallen frikjend som kjelda til smitteutbrotet: – Det har vore nokre angstfylte dagar

Les også

Smitten stammar ikkje frå klatrehallen, men studentmiljøet

Les også

Har fått ti nye respiratorar på intensivavdelinga