Helikopterstopp på grunn av vektarstreik

Av

Vektarstreik gir helikopterstreik ved fleire lufthamner i Noreg. Over helga skal det bli verre, noko som betyr at fleire oljearbeidarar står fast ute i Nordsjøen.

DEL

Ved midnatt, natt til laurdag blir vektarstreiken trappa ytterlegare opp. Det gir store logistikkproblem for helikopterselskapa.

– Trafikken frå Sola blir ramma frå natt til laurdag, men det er frå måndagen vi vil kjenne det sterkast. Då vil trafikken bli ramma med over 50 prosent, seier Petter Sem-Henriksen i Bristow Norway til NRK.

Vektarane har streika i meir enn to månader. Dei spelar ei viktig rolle på heliportane, og med tanke på smittevernreglane selskapa no må følgje.

Reduksjonen i helikoptertrafikken rammar også arbeidarane ved oljeplattformene i Nordsjøen hardt.

– Allereie no er vi avhengig av at folk kan stå lenger i skifta sine. Det er fleire som er i si tredje veke, men som skulle ha vore heime etter to, seier Morten Eek, kommunikasjonsrådgivar i Equinor.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken