Helikopter henta kvinne ned frå via Ferrata

DEL

Vest politidistrikt melder at ei kvinne i 20-åra vart henta ned frå via Ferrata med luftambulansen tysdag kveld.

Kvinna var uskadd, og politiet opplyser at dei hadde god dialog heile vegen.

– Posisjonen var kjent, og det var ikkje noko dramatikk, melder politiet.

Kvinna var med i eit turfølge, men klarte verken å komme seg opp eller ned frå der ho var. Derfor vart luftambulansen sendt til staden for å få ho trygt ned på bakken igjen.

Artikkeltags