Gå til sidens hovedinnhold

Helga fann stein rasa ned på vegen ho nettopp køyrde på: – Ubehageleg!

Helga Fjellstad Holt (26) skulle på butikken for å handle. På veg tilbake oppdaga ho at det hadde rasa ein stein mellom Lunde og Skei.

– Eg syntest det var svært ubehageleg, seier Helga Fjellstad Holt. Ho bur i Fjærland.

Ho var på veg tilbake frå butikken på Skei, då ho oppdaga ein mann i vegbana på rv. 5 som skubba vekk ein stein på om lag ein meter i diameter. Rasstaden var kort tid etter ein hadde passert Kleivatunnelen i retning Bjørnabakk-tunnelen i retning Sogndal.

Ho stoppa og spurte om han trong hjelp, men mannen hadde då fått skubba steinen ned i vegbana.

Punktet der steinen hadde treft vegen, var midt i vegbana ho hadde køyrt for under 20 minutt sidan. Steinen må difor ha falle i tidsrommet 19.10–19.30.

– Eg tenkte difor eg måtte stoppe og få gitt beskjed til andre om dette. Om nokon skal køyre denne vegen bør dei no tenke seg ekstra godt om.

Sjølv parkerte ho eit stykke unna for å varsle Firda. Ho fortel at ho ikkje akkurat kjenner seg trygg på vegen etter det ho såg.

Fjellstad Holt jobbar som guide i Fjærland, og køyrer forbi denne staden ofte. Det gjer at ho synest opplevinga var ekstra utriveleg.

– Med tanke på rasa som gjekk i Jølster i fjor, og kor mykje regn som no skal komme, så får det ein jo til å tenke, seier 26-åringen. Ho legg også til at ho såg fleire snøskred i same område i vinter.

Kommentarer til denne saken