Marion Solheim heim til jul
Privat

Fekk besøk av døvstum julenisse

Marion Solheim (38) er truleg meir opptatt av julenissen enn 8-åringane sine. Når jula nærmar seg, blir ho Marion Solheim (4).
Publisert

Den tidlegare NRK-journalisten frå Hyen har dei siste åra halde til i Bergen. Der er ho kommunikasjonsansvarleg på Medisinsk-odontologisk fakultet ved universitetet. Ho bur i eit hus heilt øvst på Laksevåg, saman med tvillingane sine og sambuar.

– Det er berre skog bak meg, og lite naboar. Eg får litt bygdefeelingen. Det er fantastisk, og eg er blitt veldig glad i Bergen, seier ho.

Åt 15 poteter førre julemiddag

Men ingen tullar med jula til Marion. Alt skal vere slik som då ho var fire år, i tråd med Prøysen-visa. Veslejulaftan reiser ho med tvillingane sine og eit lass med pakkar heim til Solheim i Hyen. Der skal jula feirast med foreldra og brørne til Marion.

– Eg hatar sånn nymotens julepynt og slikt. Eg vil at alt skal vere som då eg var fire år: akkurat den same maten, den same gangen i dagen. Det var hardt å gi frå meg rolla som pakkelappelesar då borna lærte å lese, seier ho og ler.

Men vil ikkje tvillingane dine feire jul i heimbyen Bergen?

Dei kjenner jo ikkje noka anna jul enn på Hyen. Dei er faktisk like ville etter livet på Solheim som meg. Det er ekstra kjekt å vere på gard når det er jul. Det er natur og dyr. Det er meir koseleg enn å vasse i kjøpesenter, seier ho.

Julaftan på Solheim startar med Tre nøtter til Askepott og sløving framfor skjermen. Deretter et dei andre graut, men ikkje Marion. Ho skal spare appetitten til pinnekjøttet.

– Vi har veldig fokus på maten. Vi et til vi held på å spy. Så har vi ein uoffisiell etekonkurranse, eg og brørne mine. Målet er å ete mest mogleg, og teljinga går føre seg i tal poteter, seier Solheim.

Kor mange poteter åt du i fjor?

15, seier Marion og bryt ut i latter.

– Men då har eg jo spart appetitten heile dagen, forklarer ho.

«Her er den døvstumme nissen»

Etter ein maratonjulemiddag, skal pakkar opnast. Men på julenissefronten har det skranta litt dei siste åra.

– Vi har ikkje fått besøk av julenissen på to år. Tvillingane har skjønt det for lengst, men dei har spelt med. Nissen har nok vore viktigare for meg enn for dei, vedgår Solheim.

Sist gong julenissen kom på besøk var for tre år sidan. Det var ein noko spesiell julenisse.

– Plutseleg ringde det på, og utanfor stod det ein vaksen person på kne med nissemaske. Men personen kunne ikkje seie noko, for det ville røpt kven det var. I staden rekte nissen ein lapp til tvillingane mine: «Her er den døvstumme nissen. Kan de ta i mot pakkane?». Vi heldt på å daue av latter, skrattar Marion. Ho kan røpe at det var éin av foreldra hennar som spelte nissen.

I romjula skal ho tilbake til Bergen for å jobbe. Tvillingane får bli igjen på Solheim, der dei skal kose seg med skiståing og juletrefest femte juledag. Deretter kjem tvillingane tilbake til Bergen, der dei saman feirar nyttår.

– Der er det litt fleire rakettar enn på Solheim.

Artikkeltags