Gå til sidens hovedinnhold

Heim frå juleferie? Slik er stoda på fjellovergangane

Søndag er det kolonnekøyring på fleire fjellovergangar mellom aust og vest.

På grunn av uvêr og mykje vind er det innført kolonnekøyring på fleire fjellovergangar, medan riksveg 13 over Vikafjellet måtte gå frå kolonne til å stenge heilt.

Kolonnekøyring kan også bli innført på kort varsel på E16 over Filefjell og riksveg 52 over Hemsedal.

Vegtrafikksentralen vest meldte klokka 10.38 at eit vogntog har køyrt seg fast på riksveg 52 over Hemsedal, og at vegen derfor var stengt for store køyretøy. Vegen er no opna att for store køyretøy.

Trafikkoperatør Tor Evensen i Statens vegvesen seier dei ikkje kan utelukke at fleire fjellovergangar blir stengde utover dagen.

– Elles er det roleg og stille på vegane utanom fjellet, seier han.

Dette er statusen på fjellovergangane klokka 20.00:

Rv. 13 Vikafjellet: Stengt.

Rv. 7 Hardangervidda: Kolonne. Lang ventetid

E16 Filefjell: Open, men kan bli kolonne.

Fv. 53 Tyin-Årdal: Midlertidig stengt.

Rv. 52 Hemsedal: Open, men kolonne kan bli innført.

Fv. 50 Hol-Aurland: Kolonne.

Fv. 27 Venabygdsfjellet: Stengt.

Kommentarer til denne saken