Mellom klokka 1930 fredag 24. mai og klokka 18 søndag 26. mai har Prestebakken barnehage blitt utsett for massiv tagging.

Ifølge etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor er dei fleste tenkelege og tilgjengelege flater nedspraya.

– Store delar av uteområdet er tagga, og det vert kostbart for barnehagen som må ordne opp att i dette.

Ønsker alle observasjonar

Per no har politiet ingen opplysningar om kven som kan stå bak, og går dermed ut til publikum etter tips i saka.

– Vi veit ikkje anna enn at det har skjedd i dette tidsrommet. Alle observasjonar av folk inne i barnehagen mellom fredag kveld og søndag kveld er interessante, særleg observasjonar av personar som ikkje ser ut som dei har ein naturleg årsak til å vere der, seier Vårdal.

Barnehagen er brukt som leikeplass i helgene, og Vårdal oppmodar dei som har vore der i den samanheng til å opplyse politiet om kva tid dei var der og korleis det då såg ut. Dette for snevre inn tidsrommet ugjerninga kan ha skjedd og som politiet fokuserer på.

Logo på russebil

Politiet har ingen konkrete teoriar om kven som står bak, men det at noko av tagginga er engelsk tekst, viser at dei som står bak må vere ungdommar eller vaksne.

– Den eine logoen som er tagga på ein turkis vegg har vi også sett på ein russebil tidlegare, men vi veit førebels ikkje kven som står bak, seier Vårdal.

– Ser de ofte denne typen saker?

– Heldigvis ikkje, men det skjer i ny og ne. Eg føler vi har ganske god kontroll, men det er ingen garanti. Vi er avhengige av hjelp, seier Vårdal.

Ring 02800

Dei som har vore i nærleiken av barnehagen 24.–26. mai kan kontakte politiet på telefon 02800.

– Då vil ein komme til Bergen, og der er dei no informert om saka, seier Vårdal.