Gå til sidens hovedinnhold

Heile 224 vart testa – av desse er ingen nye smitta

Det er heller inga endring for pasienten på intensivavdelinga.

224 prøvar vart analysert ved Førde sentralsjukehus tysdag. Då desse kom i onsdagens rapport frå Helse Førde, var det ingen nye positive svar.

Dette er også første dag sidan fredag at det ikkje er registrert ny smitte i helseføretaket sitt område.

Lege Halvard Mikal Seljesæter sa etter at førre smittetilfelle var registrert at vi må ta med oss godt smittevern inn i påska.

– No går vi mot ei tid der vi må vere ekstra obs på ein potensiell auke i smitte, sa han til Firda måndag.

Han er lege i smittesporingsteamet til Sunnfjord kommune, og informerer om smittesituasjonen medan kommuneoverlege Øystein Furnes har ferie.

På laurdag blei det lagt inn ein person på intensivavdelinga. Rapporten frå Helse Førde viser at pasienten framleis blir behandla ved sjukehuset.

Det dreier seg om ein vaksen person mellom 18 og 64 år.

Les også

Ny smitte i Sunnfjord

Les også

Ingen nye smitta i Stad

Kommentarer til denne saken