Havyard-sjefen går av - ny mann på plass

GÅR AV: Lasse Stokkeland. Foto: Bent Are Iversen
Lasse Stokkeland trekker seg som dagleg leiar ved Havyard Leirvik. Erlend Hatleberg frå Leirvik overtek som dagleg leiar.
Konsernsjef i Havyard Group ASA (HGR) og styreleiar i Havyard Ship Technology AS (HST), Geir Johan Bakke, takkar Lasse Stokkeland for innsatsen som dagleg leiar i det som har vore ei utfordrande tid for verftet.
– Eg er glad for at Erlend har teke utfordringa og er motivert for jobben som ny dagleg leiar i HST. Erlend er opphavleg frå Leirvik. Han brenn for lokalsamfunnet, og har ved å leie nokre av dei mest krevjande prosjekta ved HST synt at han har kompetansen og røynsla som krevst for å leie eit verft i omstilling mot effektivitet og lønsemd, seier Bakke i ei pressemelding.
Ny sjef frå Leirvik
Erlend Hatleberg er 43 år, oppvaksen i Leirvik i Sogn og bur no i Dale i Sunnfjord. Han er utdanna ingeniør i 2003 og har arbeidd mellom anna i Fundo. Han byrja på teknisk avdeling i HST i 2009. Erlend vart prosjektleiar i 2011 og har stått for leveransar av PSV-båtar, konstruksjonsfartøy, isbrytarar for russiske reiarar og no for de nye ferjeserien til Fjord1.
Som ein del av endringa i leiinga ved HST blir Stig Breidvik ny produksjonssjef. Stig er 52 år og bur i Leirvik i Sogn. Stig har vore tilsett ved HST sidan 1988 og har hatt ulike stillingar innan produksjonsleiing, i dei siste 10 åra som prosessleiar produksjon.
Kommentarer til denne saken