På eit allmøte torsdag fekk dei tilsette på Havyard i Leirvik informasjon om at dei er nøydde å gjere endringar på verftet.
Dette skriv Havyard i ei pressemelding.
Verftet skal no legge om drifta til eit reparasjons- og serviceverft. Dette forklarar konsernsjefen er for å halde på flest mogleg arbeidsplassar.
– Det er ei vanskeleg avgjersle for vi veit at verftet betyr mykje den enkelte tilsette og for regionen. Det vi gjer no er tvingande nødvendig for å halde på flest mogleg arbeidsplassar, seier Gunnar Larsen.
Nedbemannar 100
Som følge av endringa i drifta er Havyard også nøydde til å gjennomgå ei nedbemanning. I løpet av det kommande året skal dei redusere talet tilsette med 100.
– Vi veit at dette er vanskeleg for dei som blir råka, vi gjer dette for å berge flest mogleg arbeidsplassar. Vi er i tett dialog med dei tillitsvalde og vil legge til rette for å gjere den vanskelege prosessen så god som mogleg. Vi er også i dialog med Hyllestad kommune og NAV, for å sikre at dei som mister arbeidet blir tatt vare på og får hjelp, seier Erlend Hatleberg, dagleg leiar for New Havyard Ship Technology i Hyllestad.
Firda kjem tilbake med meir.

Har hatt fem nye koronatilfelle etter at dei opna dørene att: – Ikkje uventa

Verftsleiaren er spent på framtida: – Viss grensene blir stengde har vi eit kjempeproblem

Ordføraren: Kjapp nedstenging hindra smitte i lokalbefolkninga

Odd er verneombod på Havyard: – Endeleg kan vi gå på jobb att

Stenger Havyard i ti dagar

Ikkje lokal smitte utanfor verftet: – Den store massetestinga er no over
