– Det er veldig gledeleg at Fjord1 vel Havyard Leirvik som verft for ombygging av M/F Veøy. Vi er avhengig av gode og krevjande kundar for å utvikle oss, seier administrerande direktør Tor Leif Mongstad i ei pressemelding.
Dette oppdraget føyer seg inn i rekka over fleire oppdrag som Havyard har gjort for reiarlaget.
– Fjord1 har vore kunde hos oss på nybygging, hybridisering, service og vedlikehald. Dei har gitt oss impulsar som har vore med på å utvikle verftet til det verftet vi likar å presentere i dag. Vi ser difor fram til å ha eit nytt, større prosjekt i lag med dei, seier Mongstad.
Kontrakten er med på å auke ordrereserven inn i 2023. Det var gledeleg å fortelje medarbeidarane, fortel Mongstad:
– Vi er inne i ein god trend med aukande ordrevolum på service og vedlikehald, og med to større prosjekt i ordreboka, gjev dette ein god basisaktivitet for verftet dei komande månadane.

Håvards jobb er å redde folk: Han har ei oppmoding til alle

Vindkraftverket på Lutelandet er offisielt opna: – Viktig skritt for framtida
