– Vi er stolte av å ha komme til einigheit med eigarane av BKS holdning og Fossberg Kraft om å integrere selskapa i Havyard, seier Erik Høyvik i ei pressemelding.

Høyvik er konsernsjef i Havyard. Selskapet skal no overta alle aksjane i HG Group, og resterande aksjer i dotterselskapet som ikkje allereie er eigd av HG Group. Prisen for aksjane er ser sett til 285 millionar kroner.

Etter at transaksjonen er gjort, noko som er venta å vere gjennomført i månadsskiftet juni-juli 2022, vil Havyard vere heileigar av dotterselskapa BKS holdning og Fossberg Kraft.

Dagens eigarar i HG Group/BKS holdning, Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien held fram som betydelege eigarar i nye Havyard.

BKS Holding består av BKS Industri (Sunde), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø) og BKS Power and Automation (Sunde).

BKS-konsernet har 370 tilsette, og dei leverer tekniske installasjonar, elektro og automasjontenester til kraftkrevjande industri, fiskeoppdrett, skip, landbasert industri, offshorenæringa og til bygg og anlegg.

Fossberg Kraft består av sju småkraftverk. Dei vart etablert i 2018 og er ein utviklar av kraftprosjekt.