Gå til sidens hovedinnhold

Havyard-direktøren er ferdig

Artikkelen er over 1 år gammel

Geir Johan Bakke har vore administrerande direktør i Havyard Group sidan 2004. No har han og styret blitt samde om å avslutte arbeidsforholdet.

Det opplyser Havyard i ei pressemelding måndag morgon.

– Geir Johan har vore utruleg viktig for utviklinga Havyard Group har vore gjennom. Han har vist eit imponerande engasjement for å utvikle Havyard Group, noko som har stor betydning for dei lokalsamfunna som Havyard opererer i, seier styreleiar Vegard Sævik.

Bakke har vore tilsett i Havyard Group i 18 år, og i 15 av dei har han vore dagleg leiar.

– Det har vore ei fantastisk reise som eg både er takknemleg og stolt over å ha fått vere ein del av. Eg ønskjer selskapet lykke til vidare, seier Bakke i pressemeldinga.

– Partane er samde om å ikkje gje ytterlegare kommentarar til saka, opplyser Havyard.

Styret i Havyard har konstituert Gunnar Larsen som administrerande direktør. Han kjem frå stillinga som leiar for forretningsområdet Havyard Production & Service, er senior vice president i Market & Business Development i Havyard Group og har vore tilsett i selskapet i 12 år.

Arbeidet med å finne ein permanent konsernsjef vil bli sett i gang umiddelbart.

I november vart det kjent at Havyard sitt verft i Leirvik har store økonomiske utfordringar:

Les også

Sævik eig både Havyard og Fjord 1: – Ikkje prosjekt til søsterselskap vi taper pengar på

Les også

El-ferjene til Fjord1 vert forseinka

Les også

Ordføraren om Havyard: – Eg er bekymra

Les også

Kjartan (19): – Om Havyard ryk, så ryk Hyllestad

Les også

– Vi har trua på at det skal gå bra

Les også

Havyard-sjefen går av - ny mann på plass

Kommentarer til denne saken