Havyard blei børsvinnar: Aksjen gjekk opp 158 prosent

AKSJEN SKAUT I VÊRET: Havyard group vart børsvinnar.

AKSJEN SKAUT I VÊRET: Havyard group vart børsvinnar. Foto:

Men sjølv er ikkje Havyard-direktøren sikker på kva som er årsaka.

DEL

– Eg har ikkje opplevd noko liknande før, seier dagleg leiar Gunnar Larsen i Havyard Group til E24.

Då Oslo Børs stengde onsdag kunne Havyard Group kalle seg dagens børsvinnar. Aksjen hadde gått opp 158 prosent etter å ha klatra stort sett heile dagen.

I volum har aksjen berre blitt omsett for rundt 16 millionar kroner, men likevel er det ingen børsmeldingar eller nyheiter frå selskapet som kan forklare den store oppgangen.

– Det kan vere at ettersom det har vore mykje fokus på ESG-selskap og det grøne skiftet, så har nokon fått auga opp for at vi også er posisjonert innanfor den grøne industrien, seier Larsen til avisa.

Han nemner mellom anna Havyard-selskapa Norwegian Electric Systems, Havyard Design & Solutions og Norwegian Greentech.

Havyard har hatt nokre tøffe veker med koronautbrot på verftet i Leirvik. Totalt 92 av dei utanlandske arbeidarane deira fekk påvist korona.

Då utbrotet kom var verftet i gang med bygging av seks skip.

– Vi har jobba intensivt med restrukturering. No skal vi bygge ferdig dei seks skipa vi har inne samstundes som vi legg fokuset på dei andre delane av verksemda og vil løfte det fram i lyset, seier Larsen til avisa.

FHI i Hyllestad: – Kommunen er friskmeld

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken