Bedriftene saksøkte staten på bakgrunn av at departementet sette såkalla raudt lys etter trafikklysmodellen i produksjonsområde 4 vinteren 2020.

Raudt lys innebar at dei 25 havbruksbedriftene i dette området måtte redusere produksjonskapasiteten sin med 6 prosent. Bakgrunnen var at staten meinte påverknaden frå lakselus på villaks i området var uakseptabel.

Fiskeribedriftene meiner vedtaket om raudt lys vart fatta på mangelfullt og feilaktig faktagrunnlag, og skuldar departementet for grove saksbehandlingsfeil.

I ei pressemelding skriv advokat Trond Hatland på vegner av dei 25 bedriftene at dei no skal gå grundig gjennom dommen frå lagmannsretten.

– Dei 25 bedriftene som er part i søksmålet er skuffa over at synspunkta deira ikkje vart tekne til følgje av retten. Dommen vil no bli gjennomgått i detalj med dei juridiske rådgivarane våre, og ein vil i samarbeid vurdere ein eventuell anke til Høgsterett, heiter det i pressemeldinga.