Gå til sidens hovedinnhold

Havbruk ein viktig del av vår matberedskap

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.


Som følgje av koronaviruset har samfunnet endra seg over natta. Norske styresmakter har sett i verk dei mest omfattande tiltak i fredstid for å hindra spreiing av viruset. Det som før har vore sjølvsagt er ikkje det lenger. Det viktigaste må prioriterast. Liv, helse og mattilgang. Som tilsett i havbruksnæringa kjenner me også på denne endringa:

Frå å arbeida i ei næring der den offentlege debatten i stor grad handlar om lus, rømming, antibiotikabruk, eller det negative med å sjå eit oppdrettsanlegg. Sjølv om næringa kvar dag gjer det me kan for å redusera miljøavtrykket, og det faktum at norsk oppdrettsnæring er kåra til verdas mest miljøvenlege matprodusent, kjenner eg kollega som kvir seg for å fortelja kva ein arbeidar med, ein kveld ute på byen.

Til at ein i denne krevjande situasjonen vert løfta fram av myndigheitene som tilsette i ein samfunnskritisk funksjon som skal syta for at folk har mat. Ja, me er fleire som i desse dagar rettar ryggen litt ekstra. Berre min arbeidsplass produserar 500 000 laksemåltid kvar dag. Pr 1.01.20 stod det ca. 800 000 tonn fisk i merdar langs Norskekysten, matlager for eit halvt år. Me har ei viktig rolle, havbruk er ein viktig del av Norsk matberedskap!

Sett i ljos av både erfaringane frå koronasituasjonen, og at me ifølge FN vert 9,8 mrd menneske i 2050 som skal ha mat, må matforsyning frå både jord og fjord få ei endå tydelegare prioritering framover. Mat er trass alt eit primærbehov!

Kommentarer til denne saken