– Eg trur ikkje det er alle som tenker på det.
Det seier Håvard Dale, maskinist og heisoperatør for redningshelikopteret i Florø.
Han fortel at mange ofte er kledd i mørke klede når dei legg ut på tur. I ein facebookvideo viser redningsmannskapet kor effektivt både refleks og lys kan vere i eit søk.
– I helikoptera har vi varmesøkande kamera, men dette kan vere utfordrande å bruke når det til dømes er mykje nedbør, fordi det ofte skapar ein jamn temperatur i terrenget. Då tek vi i bruk nattbriller. Då kan lyset frå ein mobil hjelpe oss å lokalisere kor ein er, men refleks er også veldig effektivt. Den kan gje same effekt som ei lommelykt, seier Dale.
Sjå video:
Foto: Håvard Dale
Ha straum i sekken
Han oppmodar å ha ein powerbank med på tur, i tilfelle uhellet skulle vere ute.
– Moderne mobilar går fort tomme for straum, anten på grunn av kulde eller fordi vi brukar dei mykje. Har ein med seg ein powerbank, kan ein ha mobilen lenger tilgjengeleg.
Det å vere meir synleg bidreg også til å minimere risiko for leitemannskap, og få gjennomført ein sikrare operasjon for alle som deltek i søk, pongterer han.
Dale minner også om å ha med seg varme klede viss ein skal på lengre turar.
– Gje også beskjed kor du går, kva rute du tenker å ta og når du planlegg å vere tilbake. Alt dette kan vere avgjerande informasjon for oss i eit søk.
113-appen er også eit godt verktøy å ha på mobilen. Den melder inn posisjonen din til naudetatane.
– At det har kome meir utstyr med posisjonar har bidrege positivt i vårt arbeid.
Krevjande område
Dale bur i Nordhordland og pendlar til jobben i Florø. Der jobbar dei éi veke på, har to veker fri, så éi veke på jobb igjen, og tre veker fri.
Dette har vore kvardagen hans sidan 2017.
Redningshelikopteret i Florø dekker eit stort område: Frå Bergen i sør, til Molde i nord. Og frå Nordsjøen i vest til svenskegrensa i aust.
– Det er eit stort og krevjande område. Søk kan vere utfordrande, men vi er fleire instansar som spelar på lag, som til dømes Luftambulansen, Røde Kors og hundepatruljar. Det samarbeidet er viktig, seier Dale.

Skal eg vente til hjelpa kjem, eller kaste terning med livet?

Siri Haugum (29) frå Førde forskar på kystlyng. No er ho nominert til gjæv pris
