Gå til sidens hovedinnhold

Håvard Gutubø Bogetveit tok EM-bronse

Håvard Gutubø Bogetveit leiar inn til siste skyting, men med to rundar måtte han nøye seg med å kjempe seg inn til bronsemedalje i skiskyttar-EM laurdag.

Bronsemedaljen er likevel eit steg opp frå 4.-plassen i sprinten fredag.

Bogetveit kom inn til siste skyting i tet saman med tyske Johannes Kühn og tsjekkaren Michal Krcmar. Krcmar og ukrainaren Artem Pryma, som kom inn ti sekund bak, nøydde seg med ein bom og kunne kjempe om gullmedaljen – ein kamp sistnemnde vann.

Bogetveit og Kühn måtte derimot gå to rundar og gjekk saman ut på siste runde. Der var altså førdianaren sterkast.

Filip Fjeld Andersen og Sivert Bakken følgde opp med 4.- og 6.-plass, mens Erlend Bjøntegaard blei nummer 10, Aleksander Fjeld Andersen nummer 19 og Endre Strømsheim nummer 29.

Tidlegare på dagen sikra Karoline Erdal sølv og Åsne Skrede bronse i kvinneklassen.

Les også

Nytt sølv til Karoline Erdal

Les også

Karoline Erdal tok EM-sølv

Kommentarer til denne saken