Hauglandsenteret stenger bassenget for offentleg bading

STENGER BADING: I frykt for koronasmitte er offentleg bading på Hauglandsenteret stengt inntil vidare.

STENGER BADING: I frykt for koronasmitte er offentleg bading på Hauglandsenteret stengt inntil vidare. Foto:

Dette er eit førebyggande tiltak mot koronasmitte, opplyser rehabliteringssenteret.

DEL

Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter i Flekke har ope for offentleg bading kvar fredag og søndag.

No har dei derimot bestemt at tilbodet skal stengast inntil vidare, som eit førebyggande tiltak mot koronasmitte.

– Vi vurderer det som ei auka smittefare for våre pasientar, når dei skal dele fasilitetar med personar vi ikkje har moglegheit for å kartlegge med tanke på smitterisiko, står det på nettsidene deira.

Senteret ligg i Flekke og er i dag den største rehabliteringsinstitusjonen på Vestlandet.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags