Hareide vil ikkje love meir pengar til ferjefylka

FERJEMØTE: Deltakarane på ferjemøtet var fylka Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark og KS. Bildet er frå Rysjedalsvika.

FERJEMØTE: Deltakarane på ferjemøtet var fylka Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark og KS. Bildet er frå Rysjedalsvika. Foto:

Av

Samferdsleministeren lovar ikkje meir pengar til ferjefylka, men seier regjeringa vil sjå på fylka sine klimakostnader.

DEL

Under møtet i samferdsledepartementet måndag la fylka fram fakta om økonomien i ferjedrifta, spesielt om overgangen til nullutsleppsløysingar.

Det var dei fire statsrådane, samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF), kommunalminister Nikolai Astrup (H), distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V), som hadde kalla inn til møtet etter at auka ferjeprisar har skapt opprør i kystfylka.

Hareide: – Bekymra over prisauken

Verken Hareide (KrF) eller Rotevatn (V) lovar meir pengar til fylka etter møtet. Men dei seier dei vil sjå på fylka sin klimakostnad.

– Vi er bekymra over den prisutviklinga vi ser på fylkesvegane. Det har blitt antyda ein prisauke på mellom 30 til 40 prosent, det er ei ganske stor auke på eitt år, seier Hareide.

– Er det aktuelt for regjeringa å leggje meir pengar på bordet?

– Vi har ikkje lova noko i dag. Men vi hatt eitt møte for å høyre kva som er forklaringa til den auken som har vore, seier Hareide til Nynorsk pressekontor.

– Det som går på klimakostnaden, er noko av det som er naturleg for oss å vurdera. Det å ikkje satse klimavennleg er ikkje eit alternativ i 2020, legg Hareide til.

Han peikar på ulike grunnar til prisauken, som fornying av ferjeflåten, sikkerheitskrav og klima. Ifølgje samferdsleministeren gir det ein auke på kort sikt, men lågare driftsutgifter på lengre sikt.

Kostnadsutfordring

Deltakarane på møtet var fylka Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark og KS.

Ifølgje Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland, er skilnaden på det fylket brukar på å drive ferjene og det dei får kompensert frå staten på 300 millionar.

– Kva signal fekk du frå dei fire ministrane i dag?

– Vi opplever at dei leitar etter løysingar for å komme oss i møte. Dei var tydlege på at vi har fått ei kostnadsutfordring som vi må finne ut av saman.

Han får støtte frå Tove-Lise Torve (Ap) som er fylkesordførar i Møre og Romsdal. Ho seier fylket brukar 180 millionar meir enn det som ligg i overføringa frå staten.

– Det er veldig godt å komme frå fylkeskommunane og møte ei regjering som ønsker å lytte. No har vi fått ei frist på å leggje fram meir detaljerte opplysingar innan 15 mars, og etter den tid reknar eg med at det blir ei oppfølging av saka, seier Torve.

Rotevatn: – Ikkje alt handlar om klimapolitikk

Klimaminister Sveinung Rotevatn seier det no er viktig å få oversikt over dei ulike økonomiske utfordringane ved ferjedrifta.

– Staten har allereie lagt mykje pengar på bordet for å bidra til det grøne skiftet, også til ferjer. Framover trur eg det viktigaste er at fylka får kontroll over kva som skuldast kva. Ikkje alt handlar om klimapolitikk. Men vi kjem til å bidra til klimainvesteringar framover, også hos fylkeskommunane, seier Rotevatn til Nynorsk pressekontor.

Ferjefylka har fått frist på å levere ei grundigare utgreiing av økonomien knytt til ferjedrifta innan 15. mars.

– Når vi får denne utgreiinga, må regjeringa, i dialog med fylka, sjå kva som blir den naturlege konsekvensen av det grunnlaget, og om vi er einige, seier Hareide.

Artikkeltags