Gå til sidens hovedinnhold

Hareide-besøk avlyst – vart sjuk

Samferdsleministaren skulle besøke Førde og Florø. Det vart avlyst i siste sekund.

Tysdag skulle samferdsleminister Knut Arild Hareide på besøk til Førde og Florø.

På rundturen skulle han få ei orientering om prosjektet på riksveg 5 mellom Erdal-Naustdal, som har blitt føreslått inn mot NTP.

Men tidleg tysdag morgon melde kommunikasjonsavdelinga i Samferdsledepartementet at besøket måtte avlysast.

– Han har blitt sjuk med migrene. Han vart dårleg måndag kveld, men vakna med sterk hovudverk tysdag. Då blei det vanskeleg å gjennomføre turen, seier kommunikasjonsarbeidar Henrik Jonassen til Firda.

Bakgrunn for turen var opninga av landstraumanlegget i Florø, men sidan opninga går føre seg i dag er det ikkje sikkert at turen vil bli sett opp til ein seinare dato, seier Jonassen.

Etter planen skulle han også møte gjengen bak Evoy, som produserer og sel elektriske båtar.

Les også

Nytt forslag frå Vestland fylke: 18 vegar skal prioriterast før Heilevang: – Vi risikerer at vegane med lågast trafikk aldri blir sikra

Les også

Fv. 609 fekk ikkje midlar. Det gjer Venke fortvila: – Folk risikerer livet på veg til jobb

Les også

Kva er vegen vidare? Dette treng du å vite om Naustdal – Erdalstunnelen

Kommentarer til denne saken