Har stadfesta nei til vindmålar i Høyanger-fjella

Av

Fylkesmannen har no stadfesta avslaget Høyanger kommune gav på søknaden frå Fred Olsen Renewables om å setja opp vindmålar for å førebu vindkraftutbygging.

DEL

Planutvalet i Høyanger kommune sa nei til å gi dispensasjon i oktober i fjor, noko Fred Olsen Renewables AS klaga på i november. I klagen meinte selskapet at vedtaket var ugyldig fordi det var mangelfullt grunngjeve, at det var teke utanforliggjande omsyn og at vedtaket difor var lovstridig, skriv avisa Ytre Sogn.

– Fylkesmannen har kome til at Høyanger kommune har vurdert saka etter gjeldande regelverk, og vi kan ikkje sjå at kommunen har lagt vekt på usaklege eller utanforliggjande omsyn. Klagen har ikkje ført fram, og vedtak om avslag på mellombels dispensasjon vert stadfesta. Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på, skriv assisterande fylkesmann Gunnar O Hæreid i brevet til Høyanger kommune.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken