Gå til sidens hovedinnhold

Har sendt ut saltebilar på fv. 53 mellom Tyin og Årdal

Vegtrafikksentralen Vest har ei oppfordring om du skal opp i høgda.

Vegtrafikksentralen melder onsdag på Twitter at det somme stader kan vere glatte parti på strekninga fv. 53 Tyin – Årdal, og at vegen difor vert salta.

Enkelte stader i Sunnfjord er det også observert snø i fjella denne onsdagen, men det er ikkje sendt ut saltebilar enno, ifølgje trafikkoperatør Albert Sherington ved Vegtrafikksentralen.

Det at det er venta snø i fjella over 500 meter, gjer at han og kollegaene oppfordrar bilistar om å vere bevisste på mogleg snøfall om ein skal opp i høgda:

– Ta atterhald, det kan vere glatt visse stader, og det er viktig med riktige dekk. Rekn god tid om du skal ut og køyre.

Kommentarer til denne saken