Matrebergtunnelen på E39 i Nordhordland er no opna for fri ferdsel etter at tunnelen blei stengt 13.30 fredag ettermiddag.

– Det er uklart kva som har skjedd, men ein bil skal ha punktert på to hjul, opplyste politiet til Firda fredag formiddag.

Det er berre ein bil som er involvert, og det er ikkje meldt om personskadar.

Klokka 14.00 var det manuell dirigert på staden under bilberginga og klokka 14.40 var det fri ferdsel.