Fredag morgon har det gått eit ras mellom Heggheim og Steinset i Guddal.

Det opplyser Jostein Jarstad, driftsleiar i Fjaler kommune. Omfanget er førebels ukjent, men vegen vil vere stengd inntil vidare.

– Operatør vert sendt til staden når det har blitt lyst, avsluttar han.

Har undersøkt

Klokka 10.30 fortel Jarstad til Firda at dei har undersøkt rasstaden.

– Det er eit mindre ras, og ikkje så stort som vi først frykta, seier Jarstad.

Dei har vidare vurdert terrenget, og dei ser ikkje noko som kan tyde på at det skal gå nye ras på staden.

– Vi har hatt ein lokal mann på staden med traktor. Det er rydda nok veg til at trafikken kan passere, så vegen vil bli mellombels opna, seier driftsleiaren.

Stenger på ny

Traktoren har skyvd mykje av rasmassene unna i grøfta på oppsida av vegen, men det ligg framleis ein del stein, jord og massar att. I tillegg må det opnast ei stikkrenne.

– For å fjerne dette vert vegen stengd att om lag frå klokka 12.

Arbeidet ser ein føre seg vil vere fullført ein stad mellom 14 og 15, i tid før folk skal heim frå arbeid.

Like etter klokka 06.30 har det gått eit nytt ras på fv. 5597 ved i Heldalsheia i Guddal: