Har ingen planar om tungindustri på Skei

UTVIKLE: Den planlagde utvidinga av dettge næringsarealet på Skei, skal skje i samband med at Statens vegvesen disponerer arealet i to år i høve massedeponering og anleggsdrifta på Rv5 i Kjøsnesfjorden. I og etter denne perioden vil Åland Eigedom AS opparbeide tomta, blant anna må det sprengast fjell, fylle opp arealet og bygge ut infrastrukturen, for å tilby ferdig opparbeidde tomter på området skriv dagleg leiar Sverre Anton Sunde.

UTVIKLE: Den planlagde utvidinga av dettge næringsarealet på Skei, skal skje i samband med at Statens vegvesen disponerer arealet i to år i høve massedeponering og anleggsdrifta på Rv5 i Kjøsnesfjorden. I og etter denne perioden vil Åland Eigedom AS opparbeide tomta, blant anna må det sprengast fjell, fylle opp arealet og bygge ut infrastrukturen, for å tilby ferdig opparbeidde tomter på området skriv dagleg leiar Sverre Anton Sunde. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Næringsarealet på Fossheim vart etablert for meir ein 10 år sidan og rommar i dag PostNord sin terminal på Skei, miljøstasjonen til Sunnfjord Miljøverk IKS og ein mellombels betongblandestasjon til Ølen Betong As. Området vart regulert til næringsføremål allereie i 2007.

I kommuneplanen for Jølster gjeldande frå 2013 til 2025 vart området mellom Næringsområdet på Fossheim og Skei sentrum «Myrvoll – S4» avsett i kommuneplanen til føremål transportkrevjande næring med totalt 60 daa, der den vestre delen av området skulle reserverast til service og sentrumsfunksjonar. I samband med massedeponeringsplan for rassikring av Rv5 Kjøsnesfjorden har Åland Eigedom AS stilt eit areal på 22 daa til disposisjon for deponering av om lag 100.000 kubikkmeter tunnelmassar, med mål om å etablere 22 daa nytt næringsareal på Skei.

Åland Eigedom AS ønskjer å utvikle næringsarealet på Fossheim og legge til rette for attraktive næringstomter for logistikk, service og handel midt i fylke Vestland nord. Noko som vil tilføre Skei aktivitet og nye arbeidsplassar. Som vi forstår det, må ein ha gode og trygge arbeidsplassar for å få eit godt og attraktivt bu- miljø.

Mange meiner det er avgjerande for Skei å skape eigne arbeidsplassar og eigen næringsaktivitet for å oppretthalde Skei som eit lokalt sentrum der unge barnefamiliar ønskjer å busette seg. Sjølvsagt ligg Skei så sentralt plassert at ein kan pendle både mot Nordfjord, Sogn og til Førde på arbeid, men ein må og skape eiga næring og arbeidsplassar på Skei om ein skal oppnå vekst i det gamle kommunesenter i Jølster.

Den gode grunngjevinga for å etablere eit næringsareal på Skei, er den svært spesielle plasseringa Skei har i høve eit stort omland. Der Skei ligg langs E39 midt mellom Ålesund og Bergen, og der næringstrafikken frå heile nordvestlandet vil passere forbi Skei frå E39 mot Oslo på Rv5. Her er det og spådd ein kraftig auke i næringstrafikken, og mange har peika på Skei som det optimale logestikknutepunktet i vår region. Noko tidlegare Jølster kommune såg og planla for, støtta av ein felles Strategisk Næringsplan for Sunnfjord.

Åland Eigedom sine intensjonar er ikkje å etablere «Tungindustri», eit føremål som mest truleg er mikroskopiske moglegheiter for vil etablere seg på Skei. Det er det heller ikkje føremålet i reguleringsplanen som no ligg til behandling. Kven som har funne på at det skal etablerast tungindustri på arealet, er ikkje kjent for Åland eigedom AS.

Den planlagde utvidinga av næringsarealet på Skei, skal skje i samband med at Statens vegvesen disponerer arealet i to år i høve massedeponering og anleggsdrifta på Rv5 i Kjøsnesfjorden. I og etter denne perioden vil Åland Eigedom AS opparbeide tomta, blant anna må det sprengast fjell, fylle opp arealet og bygge ut infrastrukturen, for å tilby ferdig opparbeidde tomter på området. Håpet med denne relativt store investeringa for Åland Eigedom AS, er at lokale og regionale bedrifter ønskjer å etablere seg på Skei og utnytte den sentrale plasseringa Skei har.

Det er sjølvsagt vanskeleg no å peike på kva type verksemd, eller aktivitet som kjem, men tungindustri har aldri våre i tankane til Åland Eigedom AS. Det vert sjølvsagt noko anleggsverksemd på arealet før det er ferdig til bruk om nokre år. Slik er det med alle typar utbygging og utvikling. Åland Eigedom AS som byggherre, saman med dei som skal utføre arbeidet, må sjølvsagt følge dei krav som er for slikt arbeid, for å redusere ulempene som anleggsarbeida får for omliggande naboar.

Åland Eigedom AS er avhengige, og svært opptekne av, at Skei skal verte minst like attraktiv som bu- og leveområde no og i framtida, og det er og grunngjevinga for at ein faktisk ønskjer å investere akkurat på Skei.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags